• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    23.06.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6244867
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Barnevernskonsulent, fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har ledig 100 % fast stilling som barnevernskonsulent frå snarast.

Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen og psykisk helseteam for barn og unge. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommunen, med fokus på barnets beste og tidleg innsats.

Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund. Barnevernstenesta i Giske har 6 tilsette, og avdelingsleiar er næraste overordna.  Vi har eit høgt fagleg fokus og det er eit mål at alle tilsette skal ha kompetanse i ulike foreldreveiledningsprogram, som t.d. COS-P eller ICDP. Ein legg elles godt til rette for etter- og vidareutdanning samt anna relevant kompetanseutvikling.

Kontoret jobber etter generalistmodellen og har som mål å skape eit trygt og utviklande fagleg fellesskap. Dei tilsette gir tilbakemelding på det dei opplever som eit svært godt arbeidsmiljø med engasjerte og motiverte kollegaer i tett samarbeid med avdelingsleiar som har lang erfaring frå fagfeltet.

Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.  

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, helst barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relvant høgskuleutdanning kan også søkje.
  • Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid er ønskjeleg.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse.
  • Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg.
  • Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.

Personlige egenskaper:

  • Kreativ og utviklingsorientert.
  • Engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta.
  • Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid.
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
  • God på kommunikasjon og samhandling.              

Vi tilbyr:

  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    23.06.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6244867
  • Look here for other jobs from Giske Kommune