• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4249914
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 02.12.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Barnevernkurator 2 x100% fast og fleire årsvikariat - Barneverntenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har plass til fleire på laget i Øygarden barnevernteneste!

Om avdelinga:

Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, PPT og Barn, unge og familietenester under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team; einslege mindreårige flyktningar, tiltak/undersøking, ettervern, omsorg og stab. Vi held og på å etablere ein aktiv interkommunal barnevernvakt. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter lov om barneverntjenester
  • Samtaler og samarbeid med barn, unge og deira familiar
  • Utredning av barns omsorgssituasjon
  • Fremme og føre sakar for fylkesnemnda og anna rettsinstans

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom. 
  • Kjennskap til barnevernfagleg metodikk og forvaltning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort kl B

Ønskjeleg med:

  • Relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå 1.linje barnevern

Personlege eigenskapar:

  • Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Du tåler høgt arbeidspress
  • Du evner å kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Du er opptatt av gode menneskemøter
  • Du er innstilt på å ta relevant videreutdanning

Det leggjast avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4249914
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 02.12.2021