Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4249914Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 02.12.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Barnevernkurator 2 x100% fast og fleire årsvikariat - Barneverntenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har plass til fleire på laget i Øygarden barnevernteneste!
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, PPT og Barn, unge og familietenester under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team; einslege mindreårige flyktningar, tiltak/undersøking, ettervern, omsorg og stab. Vi held og på å etablere ein aktiv interkommunal barnevernvakt. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter lov om barneverntjenester
- Samtaler og samarbeid med barn, unge og deira familiar
- Utredning av barns omsorgssituasjon
- Fremme og føre sakar for fylkesnemnda og anna rettsinstans
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom.
- Kjennskap til barnevernfagleg metodikk og forvaltning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl B
Ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå 1.linje barnevern
Personlege eigenskapar:
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du tåler høgt arbeidspress
- Du evner å kunne jobbe sjølvstendig og i team
- Du er opptatt av gode menneskemøter
- Du er innstilt på å ta relevant videreutdanning
Det leggjast avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
16.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4249914Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 02.12.2021