Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
06.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5849360Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 17.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Barnevernkonsulent / saksbehandlar
Offentlig forvaltning
Vil du vere med å gjere ein forskjell for de som treng det mest? Er du open, grundig og møter andre med respekt? Då er du den vi ser etter!
Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste som dekkjer alle seks kommunane i Hallingdal: Hol, Ål, Gol, Nes, Flå og Hemsedal. Me er ei stor teneste med 30 tilsette, og me jobbar i team. Me har god kompetanse og engasjement for dei barna, unge og familiar som treng hjelpa vår. Som nytilsett får du opplæring, fast rettleiing, gode faglege utviklingsmoglegheiter og moglegheit for kommunal bustad. Du får kollegaer som brenn for å gjera ein forskjell for barn, unge og familiar.
Me har no ledig 1 fast 100% stilling, og 2 vikariater i 100% stilling fram til 30.08.25 med moleigheit for forlenging. Det er ønskjelig med oppstart snarast.
Generelle kvalifikasjonar:
- barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med tilleggsutdanning
- gjerne erfaring frå barnevern
- erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- god skriftleg framstillingsevne
- gode dataferdigheiter
Personlege eigenskapar blir vektlagt:
- evne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk
- gode refleksjonsevner
- å være ein god teamarbeider
- møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
- trivst med å jobbe i høgt tempo
- positiv haldning og godt humør
Me kan tilby:
- eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern
- godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
- fleksibel arbeidstid
- fagleg utvikling og vekst
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
For mer informasjon om oss, sjå vår eigen film om Hallingdal barnevernteneste: https://www.aal.kommune.no/siteassets/aal/skole-og-barnehage/barnevern/hallingdal-barnevernteneste_final-2.mp4
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
06.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5849360Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 17.08.2024