• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    27.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5913094
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Barnehagestyrar Nybø barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.01.2025 er det ledig stilling som barnehagestyrar i Nybø barnehage  

Sogndal kommune eig og driv 11 barnehagar i Sogndal kommune i barnehageåret 2024/25. I tillegg er det 4 private barnehagar i kommunen. Barnehagane i Sogndal har eit tett, godt og lærerikt samarbeid.  

Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune. 

Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert styrar, som er relasjonssterk og inkluderande til å leie ein velfungerande barnehage. 

Nybø barnehage har dette barnehageåret 45 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø 

Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.  

Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.

  

Arbeidsoppgåver 

  • dagleg fag- og driftsansvar for barnehagen  

  • personalansvar med fokus på nærvær og arbeidsmiljø  

  • vere ein synleg leiar med god gjennomføringsevne 

  • pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid   

  • samspel med barn, føresette og nærmiljø   

  • barna sitt leike - og barnehagemiljø   

  • budsjett-, personalansvar og oppfølging av dei tilsette.   

 

Kvalifikasjonskrav 

  • utdanna barnehagelærar   

  • ynskjeleg med tilleggsutdanning/leiarutdanning for styrarar 

  • erfaring frå arbeid i barnehage  

  • ynskjeleg med leiarerfaring frå barnehage som styrar eller assisterande styrar 

  • rettleiingskompetanse 

  • kompetanse i bruk av digitale verktøy  

  • eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng  

  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne  

 

 

Personlege eigenskapar 

  • god omsorgsevne og relasjonelt mot  

  • evne å begeistre andre og samtidig la seg engasjere av innspela til andre  

  • evne å leie prosessar  

  • strukturert, planmessig og god til å prioritere  

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner  

  • lojal til avgjerder og overordna føringar  

 

Me tilbyr 

  • eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå  

  • engasjerte og støttande kollegaer  

  • leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy 

  • gode pensjons- og forsikringsvilkår 

 

Politiattest krevst for stillinga 

 

Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som styrar og vidareutviklar av Nybø barnehage. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålforma i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    27.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5913094
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune