• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    03.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6026187
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Barnehagelærarar - Sagatun barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sagatun barnehage har behov for barnehagelærar og pedagogisk leiar. 

Me ønskjer å komme kontakt med deg som vil ta i vare born som har kvardagen sin i barnehagen, og som vil møte born og vaksne med respekt og positivitet.  

 

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå born, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlent og nytenkjande.     

Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle borna i den langstrakte kommunen vår.     

 

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:  

Samskapande – Open – God – Nysgjerrig  

 

Balestrand – Fjordperla med spektakulært lys: Fjordperla Balestrand ligg midt i Sognefjorden mellom tre fjordarmar og har eit spektakulært lys. Bygda er verdskjend blant nasjonale – og internasjonale kunstnarar, fjellfolk og musikarar. Her har eventyrarar blitt ønska hjarteleg velkomne i generasjonar 

 

Sagatun barnehagen ligg sentralt i Balestrand og har eit stort uteområde.  Rundt oss har vi flott og mektig natur som vi har gleda av å nytta kvar dag.  

Badelaguna, Balasletta og Kong Bele, flotte skogsløyper og stor fotballbane og klatrepark, dragehus og kunst er noko av det som vi har rundt oss. Sentrum med butikkar, hotell, akvarium er også få minuttar unna. Pr i dag er det 12 nasjonar som er representerte i barnehagen.  

 

Ledige stilling: 

Vikariat som barnehagelærar i 100%  01.03.2025 – 01.08.2026 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø  

  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet  

  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet  

  • fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen  

  • bidra til eit godt samarbeid med føresette  

  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar  

 

Kvalifikasjonar: 

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse  

  • gjerne erfaring frå barnehage  

  • ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing  

  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage  

  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg  

  • menn vert oppmoda om å søkje  

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar  

  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar  

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette  

  • likar å arbeida i lag med andre  

  • taklar høgt tempo i kvardagen  

  • fyrstehjelpskompetanse   

  • godt humør  

Me tilbyr: 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.  

  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar  

  • gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • gode velferdsordningar  

 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vår/sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.  
 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    03.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Balestrand
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6026187
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune