• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    12.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6608539
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Barnehagelærar ved Vigra barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon


Vigra barnehage har ledig 100 % engasjementstilling som barnehagelærar. Tilsetjinga gjeld for barnehageåret 2026/2027, men kan bli forlengt.

Midt på vakre Roald, omringa av natur på alle kantar, ligg Vigra barnehage. Der skal både små og store kjenne at "i dag var det bra eg kom". Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarnsavdeling og to storbarnsavdelingar. Her jobber vi målretta for å skape eit inkluderande, trygt og utviklande miljø for alle barn.

Kven er du? Vi søkjer ein barnehagelærar som:

  • har eit varmt engasjement for barn og barndom
  • jobber bevisst for å byggje gode relasjonar med både barn, foreldre og kollegaer
  • er leiken, til stades og oppriktig glad i å vere saman med barna
  • samarbeidar godt og bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet
  • ønskjer å vere med og utvikle ein barnehage der livsmeistring, inkludering og fellesskap står sterkt
  • er glad i å vere ute og bruke naturen som ein pedagogisk arena

Giske kommune og Vigra barnehagen har dei siste åra jobba for å skape ein  inkluderande praksis. Det betyr at vi jobbar for å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barna, og gi alle ei reell moglegheit til å vere aktive deltakarar i både det faglege og sosiale fellesskapet. Framover kjem barnehagen til å ha fokus på eit "Trygt og godt barnehagemiljø".  Det betyr at vi jobbar for at alle barn som går i barnehage får ein god barndom der trivsel, vennskap og leik er fundamentalt, og der barna er ein del av eit trygt fellesskap.

Kvifor Vigra barnehage? Hos oss får du:

  • ein arbeidsplass med høg fagleg bevisstheit og varme verdiar
  • eit personale som heier på kvarandre
  • ein naturleikeplass rett utanfor døra  i form av både skog, fjøre og fjell

Vil du bli betre kjent med oss så sjekk oss gjerne ut på Facebook: https://www.facebook.com/vigra.barnehage

Menn blir oppmoda om å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Barnehagelærarutdanning
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    12.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6608539
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune