Company
Vaksdal kommuneApplication deadline
05.02.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4960794Look here for other jobs from Vaksdal kommune
- Updated 21.01.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vaksdal kommune
Barnehagelærar ved Stanghelle barnehage, prosjektstilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig prosjektstilling for barnehagelærar i 100 % stilling i Stanghelle barnehage frå snarast til 31.7.24. Stillinga er knytt til behov for auka bemanning i samband med busetting av flyktningar. Arbeidsoppgåver vil vere ordinært arbeid i barnehage.
Vaksdal kommunale barnehage består av barnehagane Vaksdal, Knutatunet/Stanghelle og Dale og oppveksttun på Stamnes og Eksingedalen og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år.
Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Arbeidsstad
Stanghelle barnehage
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring og personlege eigenskapar kan bli vurderte
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
Personlege eigenskapar:
- Du er ein open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Er påliteleg og stabil, for gode og trygge rammer for borna og drift
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre
Vi oppmodar menn til å søkja
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Company
Vaksdal kommuneApplication deadline
05.02.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4960794Look here for other jobs from Vaksdal kommune
- Updated 21.01.2023