• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    26.01.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6008109
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Barnehagelærar til Våge barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Våge barnehage søkjer etter barnehagelærar til ein 100 % fast stilling. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn. 

Som barnehagelærar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil i samarbeid med pedagogisk leiar ha ansvar for at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Barnehagelærar har i denne stillinga moglegheit for å bli tilsett som pedagogisk leiar frå august 2025.

Ho oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kvalifikasjonar:
  • Barnehagelærar, eller anna relevant treåring pedagogisk høgskuleutdanning
  • Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest

Barne- og ungdomsarbeidar kan og søkje, det blir vurdert å tilsetje fagarbeidar dersom vi ikkje får høgskuleutdanna søkjarar.

Om deg
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    26.01.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6008109
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune