Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Sunnfjord kommune driv 16 kommunale barnehagar og vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivast. Vi ynskjer å gje dei gode vilkår for leik, læring og utvikling. Til dette treng vi fleire med på laget.

Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:

 

Nærleiken barnehage:

  • 60 % vikariat som barnehagelærar/pedagogisk leiar

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Hege Kjeilen tlf. 992 02 679, eller på e-post hege.kjeilen@sunnfjord.kommune.no

 

Hatlehaugen barnehage:

  • 30 % vikariat som barnehagelærar/pedagogisk leiar

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anita Bolstad Indrebø, tlf. 480 00 066 eller på e-post anita.bolstad.indrebo@sunnfjord.kommune.no

 

Langhaugane Barnehage:

  • 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 15.08.2025 - 06.01.2026
  • 60 % vikariat som pedagogisk leiar 

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Lena Kristin Slettemark, tlf. 954 06 109 eller på e-post lena.kristin.slettemark@sunnfjord.kommune.no

 

Ytre Hafstad barnehage:

  • 100 % fast stilling som pedagogisk leiar
  • 40 % fast som barnehagelærar, kan kombinerast med 40 % mellombels barnehagelærar

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Jorunn Kleiven, tlf. 909 19 213, eller på e-post jorunn.liv.kleiven@sunnfjord.kommune.no

Alle stillingane er ledige frå 15.08.2025.

 

Barnehagane kan tilby deg:
  • god oppfølging av nytilsette
  • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
  • tillegg som pedagogisk leiar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside.

 Kvalifikasjonar:
  • du er utdanna som barnehagelærar
  • du er ein relasjonsorientert person som viser omorg og ser kvart enkelt barn
  • du har gode evner til å leie barn og vaksne
  • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
  • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
  • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar.

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Utlysinga gjeld også stillingar som kjem til ved alle kommunale barnehagar i Sunnfjord kommune hausten 2025.

Du søker elektronisk.