Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
29.06.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5781942Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 14.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Barnehagelærar med spesialpedagogisk utdanning
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100% stilling som spesialpedagog, frå 01.08.2024.
Bli betre kjend med Sogndal kommune og Nybø barnehage her: www.sogndal.kommune.no.
Arbeidsoppgåver:
- sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det spesialpedagogiske arbeidet knytt til einskildbarn/grupp
- medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- bidra til eit godt samarbeid med føresette, andre tilsette og andre faginstansar
Kvalifikasjonar:
- godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- gjerne erfaring frå barnehage
- ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk
- gjerne arbeidserfaring frå barnehage og spesialpedagogikk
- beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar:
- positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
- likar å arbeida i lag med andre • taklar høgt tempo i kvardagen • fyrstehjelpskompetanse • godt humør
Me tilbyr:
- ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordninga
- gode velferdsordningar
- rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
Andre opplysningar: Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
29.06.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5781942Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 14.06.2024