• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5781942
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 14.06.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Barnehagelærar med spesialpedagogisk utdanning

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100% stilling som spesialpedagog, frå 01.08.2024.

 

Bli betre kjend med Sogndal kommune og Nybø barnehage her: www.sogndal.kommune.no.

 

Arbeidsoppgåver:

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det spesialpedagogiske arbeidet knytt til einskildbarn/grupp
  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
  • bidra til eit godt samarbeid med føresette, andre tilsette og andre faginstansar

 

Kvalifikasjonar:

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
  • gjerne erfaring frå barnehage
  • ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk
  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage og spesialpedagogikk
  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • menn vert oppmoda om å søkje

 

Personlege eigenskapar:

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar 
  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
  • likar å arbeida i lag med andre • taklar høgt tempo i kvardagen • fyrstehjelpskompetanse • godt humør

 

Me tilbyr:

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordninga
  • gode velferdsordningar
  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar

 

Andre opplysningar: Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5781942
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 14.06.2024