Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Barnehagelærar frå august 2023

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er interesserte i å kome kontakt med barnehagelærarar, som kan tenke seg å arbeide hos oss!

No er vi i gong med å planlegge neste barnehageår, og i den anledning kan det bli ledige stillingar, både faste og vikariat frå 1. august 2023.
Både heil- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. Skriv i søknaden kva du ynskjer.

Vaksdal kommunale barnehage består av barnehagane Vaksdal, Knutatunet/Stanghelle og Dale og oppveksttun på Stamnes og Eksingedalen og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år.

Arbeidsstad vert avtaltp med dei som vert tilsett. 

Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.

Arbeidsstad

Barnehagane i Vaksdal kommune.

Krav til kompetanse:

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar
  • Ynskjeleg med erfaring frå barnehage og personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
  • Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet
  • Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre

Vi oppmodar menn til å søkja

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing.

Me planlegg å gjennomføre intervju i veke 16 og 17.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04