Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
17.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
VikariatBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
2Karriere-kod
6704811Se här för andra jobb från Kvam Herad
Kvam Herad
Oppvekst - Barnehage
BarnehagelærarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Brenn du for å skapa gode oppvekstvilkår for barn? Som barnehagelærar hos oss får du vera med på å utvikla eit trygt, inkluderande og læringsrikt miljø der kvart barn får høve til å veksa, meistra og trivast.
Ledige stillingar i Bjørketeigen og Sjydnahaugen barnehage
- 100 % barnehagelærar i Bjørketeigen barnehage - frå snarast.
- 100 % barnehagelærar i Sjydnahaugen barnehage - frå 01.11.26.
Arbeidsoppgåver
- Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
- Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
- Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
- Skapa ein god barnehagekvardag for alle
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
- Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
- Rettleia, involvera og motivera
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
- Delta i leiarteam ved behov
- Bidra til pedagogisk utvikling
- Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Jf. barnehagelova må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Ha eit positivt barnesyn
- Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
- Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
- Samarbeida godt med andre
- Gode kommunikasjonsevner
Me tilbyr
- Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid)
- Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra
- Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning
- Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar
- Arbeidskle
- Godt og fagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
17.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
VikariatBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Spesiell sertifiseringArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
2Karriere-kod
6704811Se här för andra jobb från Kvam Herad