Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
05.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4885836Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 23.11.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kvernhushaugen barnehage ligg ved idrettsanlegget på Kaupanger med nærleik til ulike aktivitetar, og eit flott skogsområde. Barnehagen har 2 avdelingar, og hadde oppstart august 2022. Barnehagen samarbeidar tett med Furuli barnehage på Kaupanger, Kaupanger skule, nærmiljø og næringsliv på Kaupanger.
Frå 01.01.2023, er det ledig 100% stilling som barnehagelærar
Arbeidsoppgåver:
Pedagogiske oppgåver og omsorgsoppgåver for barn i alderen 1-5 år som pedagog 2 på avdeling. Tilsette vil få ein unik rolle i deltaking av å bygge den nye pedagogiske plattforma, skape kultur, eit godt samarbeid og arbeidsmiljø i den nye barnehagen.
Kvalifikasjonar:
· Utdanning som barnehagelærar ev. anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
· Det er krav til norskkunnskap ved tilsetjing.
· Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
Det vil verte vektlagt personlege eigenskapar som gode samarbeidsevne, ta sjølvstendig ansvar. Me søkjer deg som har god relasjonskompetanse, som er engasjert og løysingsfokusert. Evne til nytenking og kulturbygging vil vere viktige eigenskapar i den nye barnehagen. Me søkjer deg som ser verdien av å dele kunnskap for å utvikle kvaliteten i barnehagen og gjere kvarandre gode.
Det er ynskje om at den som vert tilsett har kunnskap om IKT og korleis ein kan nytte dette som eit læringsverktøy i det pedagogiske arbeidet saman med barna.
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i ny barnehage, saman med borna, gode kollegaer og engasjerte føresette
· Gode pensjons- og forsikringsordningar.
· Gode velferdsordningar.
· Ein jobb der du får brukt kompetansen din og potensialet ditt fullt ut.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
05.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4885836Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 23.11.2022