• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    24.01.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3363088
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 08.01.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kjørnes barnehage ligg i Kjørnessvingen, på nedsida av vegen. Barnehagen har 5 avdelingar og 26 tilsette. Vår visjon er «til beste for barnet»I Kjørnes barnehage legg me vekt på eit aktivt uteliv; borna er ute kvar dag, uansett ver. Me har eit spanande og variert uteområde og nærmiljø som me nyttar dagleg. To storbarnsavdelingar byter på å vere ute i lavo og inne på vanleg avdeling; 2 veker om gongen. Lavoen er stor og fin med vedomn; det er tilhøyrande garderobe, kjøkken og toalett. Me har òg høns i barnehagen; som treng omsorg og stell. Meir informasjon finn de på barnehagen si heimeside:  

https://kjornes-bhg.no  

 

Frå 12.08.2021 er det ledig 200 % fast stilling som barnehagelærar.  

 

Arbeidsoppgåver: 

Stillinga kan innebere å vere pedagogisk leiar for ei avdeling, barnehagelærar 2 eller eventuelt spesialpedagogisk arbeid. 

 

Krav til kompetanse: 

Utdanning som barnehagelærer ev. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. 

Det vil bli vektlagt personlege eigenskapar som gode samarbeidsevner og sjå verdien av å jobbe i team, ha god relasjonskompetanse og vere løysingsorientert. 
Sidan menn er underrepresenterte i barnehagane, oppfordrar vi menn til å søkje. 

Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato. 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    24.01.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3363088
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 08.01.2021