Company
Sogndal kommuneApplication deadline
28.10.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3201098Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 06.10.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fosshagen utdanningsbarnehage er kommunen sin nybygde barnehage som starta opp 15.08.2020. Den ligg sentralt til i bygda Sogndal, nær opp til Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt campusområde. Nemninga utdanningsbarnehage inneber at barnehagen og HVL har inngått eit samarbeid der intensjonen er at samhandling skal gi positive ringverknader for vidareutvikling av studieprogramma ved høgskulen og utvikling av kvaliteten i denne barnehagen og andre barnehagar.
Barnehagen har kapasitet på 7 avdelingar; ca 100 barn.
Barnehagen har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.11.2020.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga kan innebere å vere pedagogisk leiar for ei avdeling, barnehagelærar 2 og ev. spesialpedagogisk arbeid. Den som vert tilsett vil få ei unik rolle i deltaking av å bygge den nye pedagogiske plattforma, og å skape kultur for eit godt samarbeid og arbeidsmiljø i den nye barnehagen.
Krav til kompetanse:
Utdanning som barnehagelærer ev. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Det vil bli vektlagt personlege eigenskapar som gode samarbeidsevner, sjå verdien av å jobbe i team, ha god relasjonskompetanse og vere løysingsorientert. Evne til nytenking og kulturbygging vil vere viktige eigenskapar i den nye barnehagen.
Sidan menn er underrepresentert i barnehagane, oppfordrar vi menn til å søkje.
Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
Me tilbyr:
• Ein spanande jobb i eit team som skal skape innhald i ein ny barnehage.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar
• Ein jobb der du får brukt din kompetanse og ditt potensiale fullt ut.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
28.10.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3201098Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 06.10.2020