Vacancy

Øygarden kommune

Barnehagelærar 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arbeidsoppgåver:

  • Som barnehagelærar skal den tilsette vere med å vidareutvikle barnehagen fagleg.
  • Planleggje, legge til rette, gjennomføre og dokumentere
  • Bruke aktivt rammeplanen som styringsdokument
  • Utfordre og støtte medarbeidarane til det beste for barnas utvikling og læring
  • Bidra til eit godt samarbeid på tvers i barnehagen og med andre tenester
  • Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Barnehagelærarutdanning
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Godkjent politiattest 
Ønskjeleg med:
  • Tidlegare erfaring med arbeid i barnehage eller anna relevant arbeid med barn
Personlege eigenskapar:
  • Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis
  • Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet
  • Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Visa deg som ein tydeleg leiar som tør ta ansvar
  • Har evne til å motivere, inspirere og rettleie
  • Er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
  • Er relasjonsskapande og skapar tillit til tilsette, barn og foreldre
  • Kan sei ifrå til andre når du ser noko som ikkje stemmer
  • Stiller krav til kvalitet av deg sjølv og dei rundt deg
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:

Vikariatet er frå snarast til 15.07.25

Kontaktperson :

Therese Frostad, einingsleiar i Marihøna barnehage, mobil: 40 85 16 99

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.