Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
23.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6009677Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Barnehagelærar 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om barnehagen:
I Marihøna barnehage har vi fire avdelingar der det til ein kvar tid er ein eller to avdelingar for barn frå 0-3 år. Samansetjinga og gruppestørrelsar kan variere frå år til år, men innan bemanningsnorma. Totalt er barnehagen godkjent for 87 barn, dersom alle er over 3 år.
Barnehagen ligg på Hjelteryggen, og har fått eit flott uteområde (oppgradert i 2016). Uteområdet er variert, med mykje ulendt terreng på barnehagen si bakside. Her får barna gode moglegheiter til å utfolde seg. I nærmiljøet finn vi ulike tur områder som vi nytter; «Edderkopphula» i sør, leirområdet nord i skogen, vasstårnet og Kyrkjevegen i vest. Personalet vil gjere seg kjent i nærmiljøet, nytte dei ulike stadene for leik og læring som finns i nærmiljøet til barnehagen, og knytte dette til pedagogisk innhald og fagområda i rammeplanen. Ein dag kvar veke har avdelingane som mål å gå på tur i nærmiljøet.
Det er no ledig eit vikariat fra 27.jan - 15.jul.25
Arbeidsoppgåver:- Som barnehagelærar skal den tilsette vere med å vidareutvikle barnehagen fagleg.
- Planlegge, legge til rette, gjennomføre og dokumentere
- Bruke aktivt rammeplanen som styringsdokument
- Utfordre og støtte medarbeidarar til det beste for barnas utvikling og læring
- Bidra til eit godt samarbeid på tvers i barnehagen og med andre tenester
- Foreldresamarbeid
- Barnehagelærarutdanning
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- Godkjend politiattest
- Tidlegare erfaring med arbeid i barnehage eller anna relevant arbeid med barn
- Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis
- Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet
- Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Være ein tydeleg leiar og tørre å ta ansvar
- Har evne til å motivere, inspirere og rettleie
- Er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- Er relasjonsskapande og skapar tillit til tilsette, barn og foreldre
- Stiller krav til kvalitet av deg sjølv og dei rundt deg
- Tørre å stå opp for deg sjølv eller andre
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Therese Frostad, einingsleiar i Marihøna barnehage, mobil: 40 85 16 99
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
23.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6009677Se her for andre jobber fra Øygarden kommune