Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
06.07.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4680263Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 23.06.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Barnehagelærar 100% fast og 100% vikariat - Bjorøy barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er 21 tilsette i Bjorøy barnehage. Alle er til å stole på, vi behandlar andre med respekt og interesse. Saman har vi høg kompetanse. Vi tek ansvar for fellesskapet og veit vi har «verdas viktigaste yrke».
Barnehagen har økt fokus på å fremma sosial og emosjonell kompetanse via «Dei utrulege åra», Circle of security, Dinosaur skulen og språkløypar. Barnehagen har eit variert uteområde, og flotte turmoglegheiter rett utanfor porten. I åra som kjem skal vi saman med barna drive meir med uteaktivitetar, og vere mykje ute i naturen. Kanskje du kan vere med å gjere ein forskjell i andre mennesker sitt liv, samt skape magi og tryggleik i kvardagen for barn og vaksne?
Barnehagen har 5 avdelingar. 2 småbarnsavdelingar, 2 mellomavdelingar og 1 førskuleavdeling. Vi ønskjer oss enda fleire varme, empatiske mennesker i personalgruppa, som kan le med oss og som kan sette grenser når det trengs, og følgje barnets behov når det er mogleg.
Vil du vere med på laget? Er du klar for å spreia glede rundt deg i eit positivt og dynamisk miljø som byggjer grunnmuren i samfunnet og formar framtida? Hos oss er det lov å drøyme, ha visjonar, ønskjer, vere kreativ, og ha klare mål.
Om du er klar for å gjere ein innsats for barna, saman med gode kollegaer som vil deg vel, då vil vi gjerne at du søkjer jobb her i Bjorøy barnehage.
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar saman med pedagogisk leiar for å leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre.
- Medansvar saman med pedagogisk leiar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med det øvrige personalet.
- Bidra til å utvikle Bjorøy barnehage for framtida
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Godkjent barnehagelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Kjennskap til Dei utrulege åra og barnesamtalar.
- Kjennskap til tilknytningsteori og Circle of security
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande. Du må like utfordringar og vera endringsvillig. Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere. Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre. Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert. Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis. Du har ein driv og evne til å jobbe godt under press.
Anna:
- Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting
- Vikariat: frå 01.09.2022 til 15.04.23 med moglegheit for fast tilsetjing
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
06.07.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4680263Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 23.06.2022