• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    09.12.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6052, GISKE
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5967349
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Giske skule og SFO frå 06.01.2025 – 31.03.2025.

Stillinga følgjer skuleåret. I korte vikariat som dette vil ein få løn i 100 % stilling, men bli trekt i løn for timar ein ikkje arbeider når skulen har fri, som for eksempel i vinterferien.

Giske skule er ein 1 – 7 skule med ca. 90 elevar. Rundt 37 av desse går på SFO.

Visjonen vår er «Ein god stad å vekse» - Vi samarbeidar, vi undrar oss, vi utviklar oss og vi er rause.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

Menn blir oppfordra til å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden. 

Kvalifikasjoner:

  • Vi ønsker helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse. 

Personlige egenskaper:

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
  • Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.

 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    09.12.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6052, GISKE
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5967349
  • Look here for other jobs from Giske Kommune