• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    10.05.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5708699
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Giske Kommune

Barne- og ungdomsarbeidarar ved Valderøy barneskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 2 x 100 % stillingar som barne- og ungdomsarbeidar ved Valderøy barneskule og SFO. Ei av stillingane er fast og den andre vikariat.

I tillegg har vi ledig 2 vikariat i SFO, kvar på ca. 45 % (ca. 3 timar pr. dag).

Vikariata gjeld for skuleåret 2024/2025, og alle stillingane følgjer normalarbeidsår.

Oppgi i søknadsteksten kva stillingar som er aktuelle for deg. 

Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

Menn blir oppfordra til å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Vi ønsker helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men helsefagarbeidarar og andre kan også søkje.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse. 

Personlige egenskaper:

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
  • Gode samarbeidsevne med barn og vaksne. 

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    10.05.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5708699
  • Look here for other jobs from Giske Kommune