• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    25.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5840683
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 10.08.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Barne- og ungdomsarbeidarar på Flekke skule, 89 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Flekke skule har frå 1. november, eller snarast ledig 89 % fast stilling som fagarbeidar. Flekke skule ser etter ein ny fagarbeidar i skulen og på SFO, då ein av våre mange stabile og erfarne tilsette har søkt nye utfordringar. Stillinga følgjer skuleåret. Om ynskjeleg kan stillingsprosenten aukast ved å arbeide i Flekke barnehage i skuleferiar.

Vi søkjer deg som har fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller som har erfaring frå skule eller barnehage. Vi ynskjer deg som har eit godt samspel med barn, vaksne og dine kollegaer, er fleksibel, løysingsorientert og som kan arbeide sjølvstendig.

Vi har eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer og introduksjonsprogram for nytilsette. Hos oss får du løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ og gunstige pensjons- og forsikringsordningar.

Skulen ligg inst i Flekkefjorden, om lag ei mil sør for kommunesenteret Dale, og knapt ein times køyring frå Førde. Skulen har 40 elevar, og er tredelt. I tillegg til det som no vert utlyst, har skulen om lag 7 lærarstillingar og 1fagarbeidar-/assistentstilling.

Skulen og barnehagen er samlokaliserte og samarbeider godt, med både planlagde og spontane fellesaktivitetar. Vi er mykje utandørs heile året, og uteområdet vårt har både tilrettelagde og naturlege utfordringar . Miljøet vårt er roleg og oversiktleg, og vi opplever at barnehagen og skulen er viktige for bygdene rundt.

Vi håper du tek kontakt viss du har spørsmål til stillingane, oppgåvene som barne- og ungdomsarbeidar eller treng meir informasjon om arbeidsplassen vår. Vi gler oss til å høyre frå deg.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre med erfaring frå skule eller barnehage kan og søkje og blir vurdert
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

 

Personlege eigenskapar

  • Du er tålmodig og omsorgsfull i møte med sårbare barn
  • Du er ein tydeleg vaksenperson i møte med barn
  • Du er flink til å skape gode relasjonar
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel og robust
  • Du er utholdande og har god arbeidskapasitet
  • Du trivs saman med barn og kan leie lærings- og leikeaktivitetar i skule og SFO

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

 

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Givande leik med flotte barn kvar dag
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Innmelding i pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    25.08.2024
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5840683
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 10.08.2024