Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
28.04.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6169067Se här för andra jobb från Giske Kommune
Giske Kommune
Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, Basen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig 2 x 100 % stillingar som barne- og ungdomsarbeidar /helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, avdeling Basen. Begge stillingane er ledige frå 01.08.2025 og følgjer normalarbeidsår.
Opplæringstilbodet i Basen vil vere eit tilbod for elevar frå 1.-10. trinn, med Giske kommune som opptaksområde. Målet for arbeidet i basen er at elevane våre skal få erfare meistring og individuell utvikling, med utgangspunkt i det eleven kan. Basen skal utgjere eit inkluderande fellesskap, i tett samarbeid med trinn og klasser. Avdelinga gir eit heildagstilbod.
Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.
Menn blir oppfordra til å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller med autorisasjon som helsefagarbeidarar, men andre med relevant utdanning og/eller erfaring kan også søkje.
- Det er ønskjeleg med ASK og/eller teiknspråkkompetanse.
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Vere trygg i konflikthandtering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
- Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
28.04.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6169067Se här för andra jobb från Giske Kommune
-
Pedagogiske leiarar - fast stilling ved Giske barnehage
Giske Kommune
GISKE -
Pedagogiske leiarar - vikariat ved Giske barnehage
Giske Kommune
GISKE -
Fagleiar individuelt tilrettelagt opplæring
Gol kommune
GOL -
Fagarbeidar /assistent Ytre Arna skule
Bergen kommune
BERGEN -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES