Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar eller assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her! 

 Vårt mål er trygge barn, som trivast. Vi ynskjer å gje gode vilkår for omsorg, leik, læring og utvikling, og til dette treng vi fleire med på laget. 

Bygstad barnehage har fem avdelingar og ligg i flotte og tilgjengelege naturomgjevnader med Bygstad skule som næraste nabo. 

 

Vi har 2 ledige stillingar   
  • 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.

  • 80 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.

Begge stillingane er ledige frå 14.08.2026.

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf.  952 34 265 eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no   

 

Vi kan tilby deg: 
  • god oppfølging av nytilsette 
  • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring 
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

 

Kvalifikasjonar: 
  • du har relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev
  • beherskar godt munnleg norsk
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • erfaring og interesse for arbeid med barn
  • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
  • du har gode evner til å leie barn
  • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
  • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håpar vi du vil søke på stillingane i barnehagen vår!

 

Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillingane. 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! 

 

Du søker elektronisk.