• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    09.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6510229
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
Ledigt jobb

Giske Kommune

Barne- og ungdomsarbeidar / assistent, vikariat ved Vigra skule og SFO 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Vigra skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarst og t.o.m. 19.06.2026.

Stillinga følgjer skuleruta med avkorta løn.

Vigra skule er ein 1-7 skule med om lag 190 elevar og med ca 70 barn i SFO. Visjonen "Vi flyg saman". Fokuset er at alle er med og at vi hjelper kvarandre med å utnytte læringspotensialet vårt, både fagleg og sosialt.


Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. 

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje
  • Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog
  • Vere trygg i konflikthandtering 
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Ha god digital kompetanse

Personlige egenskaper:

  • Evne til omstilling
  • Evne til å møte barnet der det er
  • Gode samarbeidsevner med barn og vaksne

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    09.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6510229
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune