• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    19.05.2021
  • Anställningsform
    workTime.Deltid
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3787573
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
  • Uppdaterad 30.04.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Giske Kommune

Barne- og ungdomsarbeidar / assistent, vikariat ved sfo Vigra skule 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 50 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved sfo ved Vigra skule. Vikariatet er ledig frå 01.08. - 14.10.2021, men kan blir forlengt.


Vigra skule er ein 1-7 skule med i underkant av 200 elevar og med ca 60 barn i SFO. Visjonen "Vi flyg saman" er samskapt av foreldre, elevar og tilsette. Den symboliserer grågåsflokken som flyg høgt og langt, øver opp leiarskap og der ein både kan støtte og utfordre kvarandre. Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje
  • Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog
  • Framandspråklege søkjarar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
  • Vere trygg i konflikthandtering 

Personlige egenskaper:

  • Evne til omstilling
  • Evne til å møte barnet der det er
  • Gode samarbeidsevner med barn og vaksne

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    19.05.2021
  • Anställningsform
    workTime.Deltid
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3787573
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
  • Uppdaterad 30.04.2021