Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
01.08.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6660500Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO.
Vi har følgande ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent:- 89 % fast stilling frå 4. oktober 2026, med arbeid i skule og SFO
- 30 % årsvikariat. Hovudsakleg arbeid på ungdomsskule, med arbeid måndag, onsdag og fredag.
- 16 % årsvikariat i SFO, med arbeidstid måndag og onsdag etter kl. 12.00
Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen.
Krav til søkar:- ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav
- anna relevant utdanning og/eller relevant praksis kan verte vurdert
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
- kunne ta del i fysisk aktivitet på elevane sitt aktivitetsnivå
- må ha interesse for fysisk aktivitet, friluftsliv og kroppsøving
- likar å arbeide med barn, legge til rette for inkludering og læring i skule og SFO
- har erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
- kan arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
- er fleksibel og engasjert
- er ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi oppmodar menn til å søke på grunn av balanse i kjønnsfordeling.
Generelt for stillingane:- stillingane inneber oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring
- planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne
- det kan bli aktuelt å jobbe i delar av skulen sine feriar på SFO
- Stillingane følger skuleåret
- arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
- godt fagleg og sosialt miljø
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- god pensjonsordningar- og forsikringsordning
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og referansar vert innhenta.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
01.08.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6660500Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Barne- og ungdomsarbeidarar, helsefagarbeidarar til STOLT ved Garnes ungdomsskule
Bergen kommune
INDRE ARNA -
Helsefagarbeidar 100% vikariat - Ågotnes skule
Øygarden kommune
STRAUME -
Fagarbeidar i skule og SFO i 50 % fast stilling ved Flekke skule
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Barne- og ungdomsarbeidar
Vestnes kommune
VESTNES