• Företag
    Rauma kommune
  • Ansökningstiden
    22.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Åfarnes
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6503548
  • Se här för andra jobb från Rauma kommune
Ledigt jobb

Rauma kommune

Barne og ungdomsarbeidar /assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Åfarnes skole har ledig eit vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i 70% komprimert stilling, med moglegheit for 100% stilling samla i kommunen. Stillinga er ledig frå og med 23.01.2026-31.12.2026. 

Vi søkjer ein engasjert og dyktig fagarbeidar ved Åfarnes skole. Som fagarbeidar vil du bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø for elevar, og samarbeide tett med lærarar og øvrig personale.

Arbeidsoppgåver

  Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag gjennom mellom anna:

  • Utføre faste oppgåver knytt til enkeltelevar og grupper i samarbeid med dei øvrige tilsette.
  • Vere medansvarleg for gjennomføring av aktivitetar i skole og SFO, og kunne ta sjølvstendig ansvar for aktivitetane.
  • Delta i samarbeidsmøter på trinn og i personalmøter på SFO.
  • Å vere ein barnerettleiar som hjelper til med å utvikle barnas sosiale kompetanse.
Ønska kvalifikasjonar
  • Fagbrev Barne- og ungdomsarbeider
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne i skole eller SFO.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder
  • Du tenker positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

 Vi tilbyr

  • Engasjerte kollegaer med god kompetanse
  • Framoverlente skoleleiarar som inspirerer og leier sitt personale i utviklinga av Raumaskolen
  • Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og ansvarlegheit
  • I skuleåret er det aktuelt å arbeide inntil 100% med fri i elevfrie periodar (komprimert arbeidsår). Rauma kommune ønskjer heiltidskultur, dvs at dei tilsette har 100% stilling. Om du har kompetanse og ønskjer det vil kommunen prøve å leggje til rette for ei 100% stilling i kommunen, slik at du og kan arbeide i elevfrie periodar.

 Bor du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les mer om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing:Les Søkerveiledning - Rauma kommune eller epost til personal@rauma.kommune.no dersom du opplever tekniske utfordringar. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

 

 

  • Företag
    Rauma kommune
  • Ansökningstiden
    22.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Åfarnes
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6503548
  • Se här för andra jobb från Rauma kommune