• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    21.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Kolltveit
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6498229
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Barne- og ungdomsarbeidar 80% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 240 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit, omlag 5 minutt med bil aust for Straume. Skulen har siste året gjennomført ei ombygging som har gjort arbeidstilhøva meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Arbeidsoppgåver:
  • Følgje opp elevar med behov for ekstra støtte i skulekvardagen og på SFO
  • Bidra til å skape eit trygt og føreseieleg læringsmiljø
  • Samarbeide med lærarar, miljøarbeidarar og andre fagpersonar på Kolltveit skule.
  • Delta i planlegging og gjennomføring av aktivitetar i skulefritidsordninga
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Fagbrev i berne- og ungdomsarbeidarfaget
Ønskjeleg med:
  • Kompetanse og erfaring i bruk av teikn til tale/ASK
  • Erfaring med barn og unge som har behov for ekstra støtte eller kan vise utfordrande åtferd er ein fordel
  • Kompetanse innan miljøarbeid, spesialpedagogikk eller liknande
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å setje grenser på ein trygg måte.
Personlege eigenskapar:
  • Vi ser etter ein trygg og robust person som bevarer roen i krevjande situasjonar.
  • Du har evne til å stå støtt når det stormar, og møter utfordringar med ro og respekt.
  • Du er løysingsorientert og handlingsdyktig, også når kvardagen byr på uventa situasjonar.
  • Er god til å skape relasjonar og byggje tillit
  • Kan arbeide systematisk og strukturert, og samtidig vere fleksibel
  • Har evne til å bevare roen og handle løysingsorientert under press
  • Er ein lagspelar som samarbeider godt med kollegaer og føresette
Anna:

Stillinga føl skulen si skulerute og har følgjeleg 11% trekk

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Odd Erik Kjeldstad, Rektor, mailddresse: odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no, telefon: 55097602/99645370

Laila Kjeilen Bach, Avdelingsleiar, mailadresse: laila.bach@oygarden.kommune.no, telefon: 55097603/41559074

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    21.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Kolltveit
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6498229
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune