Company
Øygarden kommuneApplication deadline
25.01.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6501344Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Barne og ungdomsarbeidar, 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Til skulestart i 2024 fekk vi eit nytt og oppgradert uteområde. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.
Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av elevar med særskilte behov i skule og SFO.
- Tilsyn i friminutt.
- Hjelp og støtte i undervisning.
- Generelt arbeid i SFO.
- Arbeid i ferie-SFO.
Må ha:
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidarfaget eller helsefagarbeidarfaget
- Erfaring frå arbeid i skule og arbeid med elevar med særskilte behov.
- Førarkort klasse B.
- Vidareutdanning i spesialpedagogikk (for assistentar/fagarbeidarar) eller liknande fag.
- Medisinkurs
- Ønskjeleg med livredningskurs basseng eller vilje til å ta dette.
- Du er ein varm og raus vaksen.
- Du er engasjert i korleis ein kan skape eit god skule- og arbeidsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
- Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.
- Fordel om ein disponerar eigen bil.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Ledig frå 01.02.2026. Stillinga er eit 2-årig vikariat fram til 31.01.2028
Kontakt:
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
25.01.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6501344Look here for other jobs from Øygarden kommune