Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
26.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5046042Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 04.03.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Barne- og ungdomsarbeidar 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Flekke skule og barnehage frå august 2023.
Flekke skule og barnehage er samlokalisert, med ca 45 skuleelevar, om lag 30 barn i barnehagen. I utgangspunktet er denne stillinga kopla til barnehagen, men barnehagen og skulen samarbeider tett, så du kan òg få oppgåver inn mot SFO/skule.
Vi ligg naturskjønt til nær sjøen, med kort veg til turområde i bygda, difor er vi mykje utandørs heile året, og uteområdet vårt har både tilrettelagde og naturlege utfordringar.
Kvalifikasjonar- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Personleg egna til stillinga
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Givande leik med flotte barn kvar dag
- Ein variert og kjekk kvardag
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Innmelding i pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
26.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5046042Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 04.03.2023