• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    12.06.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6219400
  • Look here for other jobs from Hå kommune
Vacancy

Hå kommune

Barn- og familiesjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % fast stilling frå 1. august 2025

Hå kommune ønsker å skape eit trygt, inkluderande og utviklande oppvekstmiljø for alle barn og unge. Nå ser me etter ein dyktig leiar som vil vere med og forme framtida – saman med oss.

Som barn- og familiesjef får du ei nøkkelrolle i kommunen sitt arbeid med å bygge eit heilskapleg og samordna tilbod for barn, unge og familiar. Du blir ein del av ei engasjert leiargruppe i tenesteområdet oppvekst og kultur, og får høve til å påverke både strategi og praksis.

Arbeidsoppgåver
• Strategisk leiing og fagleg utvikling innan oppvekstfeltet.
• Leiaransvar for PPT, barnevern, familiesenter, Ung førebygging/SLT og «Alle med i Hå». Ansvarsområdet kan bli utvida etter kvart.
• Budsjettansvar og resultatoppfølging.
• Saksutgreiing og planarbeid for politiske utval.
• Tverrfagleg samarbeid på tvers av einingar og sektorar.
• Implementering av ny heilskapleg oppvekstplan – eit viktig løft for framtida.
Kven er du?

Me ser etter ein samlande og tydeleg leiar med:
• Brei erfaring frå oppvekstfeltet og god leiarerfaring
• Høgare utdanning frå universitet eller høgskule – gjerne med leiarutdanning
• Evne til å jobbe målretta, systematisk og resultatorientert
• Gode samarbeidsevner og eit brennande engasjement for barn og unge
Kvifor velja oss?

Hos oss får du:
• Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell – kvar dag
• Eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsfellesskap
• Moglegheit til å påverke og utvikle tenester i ei framtidsretta kommune
• Ein kommune som satsar på førebygging, samarbeid og heilskapleg tenking

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    12.06.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6219400
  • Look here for other jobs from Hå kommune