Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.05.2024Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5697954Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 18.04.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Avlastar i Bu- og miljøtenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune treng avlastarar for barn og unge i kommunen. Føremålet med tenesta er å gi avlasting og hjelp til familiar med særleg tyngande omsorg for barn og unge med funksjonsnedsetting. Avlastingstilbodet kan vere i eller utanfor heimen, eller i institusjon. Sogndal kommune har eigne avlastingsbustadar.
Avlastinga kan vere på timebasis spesielt i helgar og skuleferiar. Noko behov for avlastning, kan og vere på ettermiddagstid .
Avlastingstimane er fritida til barnet/ungdommen. Ein legg opp til ei meiningsfylt fritid, med aktivitetar tilpassa utvikling og interesser.
Tilsetjing vil skje fortløpande.
Kvalifikasjonar:
Fylt 18 år
Gjerne erfaring og utdanning innan arbeid med barn og unge.
Evne til å skape tillit.
Trygg, omsorgsfull, tolmodig, aktiv og engasjert.
Kan gi barnet/ungdommen ei meiningsfylt fritid med kjekke aktivitetar ut frå deira interesse.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
Arbeidsavtale med ein månads oppseiingstid.
Opplæring i barnehage, skule eller heim.
Opplæring og rettleiing undervegs.
Den som vert tilsett må leggje fram:
Politiattest av ny dato.
Underteikne teiepliktsskjema.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.05.2024Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5697954Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 18.04.2024