Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5885671Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 21.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Avdelingsleiar Veg og Park 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Vil du ta del i arbeidet med å forvalte og utvikle det kommunale vegnettet som bind Øygarden kommune saman? Vi søkjer ny avdelingsleiar til avdelinga Veg og park i Øygarden kommune. Vi leiter etter deg som kan leie tenesteområde, bidra til utvikling, nytenking og saman med dei tilsette utvikle avdelinga vidare!
Veg og park er organisatorisk plassert under kommunalsjefsområdet Samfunnsutvikling under eininga Eigedomsforvaltning, og har for ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet og kommunens grønt areal. Det kommunale vegnettet består av 220 km veg, gang- og sykkelveg, fortau, kaiar og bruer. Avdelinga har blant anna ansvar for brøyting, feiing, kantslått, gatelys, overvatn, graveløyve og avkøyringsløyve mm. Innspel til reguleringsplanar for å sikre gode kommunale vegar er ei viktig oppgåve. I tillegg kjem park- og grøntareal i sentrumsområde, ved institusjonar, turvegar, minnesmerke mm. Utføringa av driftsoppgåver innan tenesteområde vert i stor grad utført i eigeregi med eige driftspersonell. Samstundes vert leverandørmarkanden nytta, spesielt innan drift av veglys, fjellsikring og vintervedlikehald. Veg og park har i dag 12 årsverk og eit budsjett på 42 MNOK. I tillegg kjem om lag 20 MNOK i mindre investeringsprosjekt som vert utført av avdelinga. Større prosjekt ligg ikkje til avdelinga då desse vert utført av kommunens utbyggingsavdeling, like fullt i tett samarbeid med avdeling Veg og park.
Arbeidsoppgåver:- Leiing av veg- og parkavdelinga inkludert personale og fagleiing
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Ansvar for utarbeiding av planar for forvaltning, drift og vedlikehald
- Implementering av FDV-systemet frå Safe Control
- Ansvar for kommunal beredskap innan vintervedlikehald og handtering av akutte hendingar på vegnettet.
- Kontakt med innbyggjarar, leverandørar og media
- Samhandle på tvers i organisasjonen kring saker som omhandlar avdelinga, samt vere ein leverandør av kompetanse internt.
- Politisk saksførebuing og presentasjon
- Kontraktsadministrasjon i samsvar med lov om offentlege anskaffingar
- Delta i regionale nettverk for fagområde og dele erfaring for tenesteområde
- Ivareta avdelinga sitt HMS-arbeid, samt utarbeide rutinar og prosedyrar i kommunens kvalitetssystem
- Ansvarleg for klima- og miljøvennleg drift og utvikling innan fagområdet, i tråd med gjeldande mål og strategiar (nasjonale, regionale, kommunale).
- Ansvar for kommunal overvasshandtering, herunder overvassnorm og uttale til overvatns planar
Må ha:
- Høgare utdanning innafor relevant fagområde (teknisk fagskule, bachelor, master). Kandidatar med relevant erfaring og dokumenterte resultat vil også kunne bli vurdert.
- Erfaring med offentlege anskaffingar og kontraktsoppfølging av tenester innan fagfeltet
- Erfaring frå økonomi og budsjettarbeid
- Erfaring med drift og vedlikehald
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Leiarerfaring
- Erfaring med FDV-system for veg
- Kompetanse og/eller erfaring innan overvatn
- Erfaring med mobilitet, særleg innan tilrettelegging av veg, gang og sykkelvegar.
- Leiareigenskapar
- Nytenkande og endringsvilling
- Ansvarsfull, analytisk, serviceinnstilt og med stor arbeidskapasitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Christian Alsaker, Einingsleiar Eigedomsforvaltning, mobil 99 11 34 16
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5885671Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 21.09.2024