Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
13.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6043290Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Avdelingsleiar ved Valderøy barneskule - Basen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Giske kommune oppretter ei fast 100% stilling som avdelingsleiar for Basen, forsterka spesialpedagogisk avdeling, ved Valderøy barneskule, med oppstart august 2025, gjerne tidlegare. Bur det ein leiar i deg, og brenn du for å utvikle tilbodet for barn med behov for omfattande tilrettelegging?
Opplæringstilbodet i Basen vil vere eit tilbod for elevar frå 1.-10. trinn, med Giske kommune som opptaksområde. Målet for arbeidet i basen er at elevane våre skal få erfare meistring og individuell utvikling, med utgangspunkt i det eleven kan. Basen skal utgjere eit inkluderende fellesskap, i tett samarbeid med trinn og klasser. Avdelinga gir eit heildagstilbod.
Avdelingsleiar i Basen vil vere ein del av skulen si leiargruppe i lag med 3 andre avdelingsleiarar og SFO-leiar. Undervisninsdelen i stillinga er 50 %. Leiardelen av stillinga utgjer 50% og inneber personalansvar, leiing av pedagogisk utviklingsarbeid, rettleiing, fagansvar og medansvar for ressursdisponering og økonomi. Stillinga er berekna som normalarbeidår.
Leiargruppa har i lag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat. Valderøy barneskule er i dag ein 1 - 7 skule med 450 elevar. Det er ein moderne og godt utstyrt skule organisert i fire avdelingar.
Oppvekstsektoren i Giske kommune har visjonen «Det var bra eg kom» med fokus på eleven si erfaring i møtet med barnehage og skule.
Valderøy barneskule sin visjon er «Med hjarte for læring». Visjonen vår skal synleggjere vårt lærings-menneskesyn. Vi har fokus på læring i eit vidt perspektiv som skal romme alle elevane våre.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Barnehagelærar, grunnskulelærar eller ev. anna relevant pedagogisk utdanning.
- Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år.
- Utdanning og erfaring frå spesialpedagogisk undervisning/opplæring av arbeid med barn med store og omfattande behov for tilrettelegging.
- Bør ha kompetanse i ASK.
- Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid.
- God digital kompetanse.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort for bil.
Personlige egenskaper:
- Er ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
- Er lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
- Er tydeleg og handlekraftig
- Er ryddig og strukturert
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har samhandlingskompetanse
Vi tilbyr:
- Ein spanande arbeidsplass med læring og meistring i sentrum, der du blir ein del av ei leiargruppe med ei verdsetjande og inkluderande tilnærming.
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer
Giske kommune sine verdiar er: - Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
13.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6043290Se her for andre jobber fra Giske Kommune
-
Kontaktlærar
Hå kommune
VARHAUG -
Lærarar for faste stillingar og vikariat skuleåret 2025-2026
Gol kommune
GOL -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES -
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Avdelingsleiar korttidsavdeling (Gjestetunet) – med blikk for framtidig utvikling og samarbeid
Ål Kommune
ÅL