Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
17.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5802858Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 02.07.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Avdelingsleiar ved Giske ungdomsskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Giske ungdomsskule har ledig fast 100 % avdelingsleiarstilling frå snarast.
Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har felles ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat.
I 2021 vart alle ungdomsskuleelevane i kommunen samla på Giske ungdomsskule. Skulen er lokalisert på Valderøya og har ca 350 elevar. Neste skuleår vert det 5 klasser på kvart trinn.
Leiargruppa er rektor og 3 avdelingsleiarar. Rektor vil fordele arbeidsoppgåvene mellom avdelingsleiarane ut frå kompetanse, erfaring og interessefelt. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %, men dette kan endrast ved behov. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Godkjent pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
- Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen
- Relevant undervisningskompetanse - gjerne relevant leiarerfaring
- Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort for bil
Personlige egenskaper:
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert
- Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
Vi tilbyr:
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrar
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer
Giske kommune sine verdiar er: - Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
17.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5802858Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 02.07.2024