• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    21.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5896238
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
Ledigt jobb

Giske Kommune

Avdelingsleiar ved bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne, barneavlastning og dagtilbod 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Giske kommune søkjer ein dyktig avdelingsleiar til fast 100 % stilling knytt til Gudmundvegen og Skomakarvegen bufellesskap, barneavlastning og dagtilbod. Per i dag er desse tenestene om lag 64 årsverk fordelt på to avdelingsleiarstillingar. Startdato i stillinga er 01.01.2025 eller etter nærare avtale.

Kommunen arbeider i dag med å utvikle tenestene innan brukargruppa menneske med nedsett funksjonsevne og kan med det garantere mange spennande oppgåver i tida framover. Kommunen har stort fokus  på samhandling og koordinering på tvers av einingar og sektorar, noko vi ser og vert svært viktig for å lukkast med heilskapleg tenesteyting.

Eining Meistring og psykisk helse yter teneste til menneske med nedsett funksjonsevne og menneske med rus og psykiske utfordringar/lidingar. Det er den største eininga i Giske kommune med til saman 77 årsverk. Leiargruppa i eininga består av einingsleiar og tre avdelingsleiarar. Eininga har eit godt og tett samarbeid med omsorgsdistrikta i kommunen, NAV og eining Barn, familie og helse.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

 

Kvalifikasjoner:

  • Offentleg godkjent sjukepleiar / vernepleiar eller anna relevant 3 - årig høgskule-/universitetsutdanning innan helse.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming vert vektlagt
  • Det er ønskeleg med leiarerfaring og leiarutdanning, ev. vere innstilt på å ta leiarutdanning
  • Erfaring frå arbeid med personar med utfordrande åtferd
  • Kunnskap i relevant lovverk
  • Kunnskap om turnusplanlegging er viktig, men ikkje avgjerande
  • God digital kompetanse er ein føresetnad
  • God kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil  og kunne disponere eigen bil i tenesta.

Personlige egenskaper:

  • Gode leiareigenskapar og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit
  • Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
  • Fagleg dyktig med evne til å motivere
  • Evne til heilskapleg og tydeleg leiing
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta
  • Gode samarbeidsevne

Vi tilbyr:

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Eit tenesteområde i sterk utvikling
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi
  • Konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning i Klp
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    21.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5896238
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune