Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
16.11.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5419882Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 10.11.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Avdelingsleiar til Heimetenesta, 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Heimetenesta er under kommunalsjefområde helse og velferd. Tenesta vert leia av einingsleiar og assisterande einingsleiar. Tenesta er under omorganisering og skal gå frå 3 soner til 4 avdelingar. Kvar avdeling skal organiserast med 2 avdelingsleiarar. Avdelingsleiarane inngår i tenesta sitt leiarteam og rapporterer til einingsleiar / assisterande einingsleiar.
Som avdelingsleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Ein del av primæroppgåvene er:- Ansvar for dagleg drift, turnus og tilrettelegging av tenesta
- Ansvar for innhald, kvalitet og utvikling av tenestetilbod saman med assisterande einingsleiar/einingsleiar
- Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging av tilsette både fagleg og administrativt
- Medansvar for økonomi og sikre god økonomisk styring
- Sikre at brukarane får fagleg forsvarlege tenester
- Sikre brukarmedverknad og at tenesta er tilgjengeleg
- Relasjonsorientert og endringsbasert leiing
- Tverrfagleg samarbeid, samarbeid på tvers av avdelingane
- Ansvar for oppgåver som til ein kvar tid måtte bli delegert frå assisterande einingsleiar/einingsleiar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan administrasjon og leiing er ønskeleg.
- Brei og allsidig arbeidserfaring, fortrinnsvis leiarerfaring
- Ynskjeleg med erfaring frå heimeteneste
- Evne til å samarbeide i leiarteam
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode datakunnskapar generelt og erfaring i bruk av fagsystem, turnusprogram m.m.
- Evne til å gripe moglegheiter og oppnå resultat, åleine og saman med andre
- Førarkort
Vi søkjer ein leiar som har gode leiareigenskapar, som har evne til å sjå sine medarbeidarar og som klarer å utvikle seg sjølv og sine tilsette. Ein leiar som er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til arbeidsglede. Ein leiar som evner å byggje felles kultur samt finn gode løysingar innanfor gjeldande rammer av fag, kvalitet og økonomi. Som ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og som tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig.
Du må vere systematisk, strukturert, kunne arbeida målretta, være sjølvstendig og kunne ta slutningar. Vi ynskjer ein leiar med stor arbeidskapasitet samt gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
Vi tilbyr:- Eit godt arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
- Ei avdeling med erfare, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Løn etter avtale
Einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21
Einingsleiar Marianne V. Berland 56 16 16 60 / 90 15 91 03
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å legge til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
16.11.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5419882Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 10.11.2023