Company
Fjaler kommuneApplication deadline
25.08.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5839735Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 09.08.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Avdelingsleiar SFO Dingemoen skule - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar på SFO ved Dingemoen skule frå 1.september, der den administrative delen av stillinga utgjer inntil 50 % stilling.
Vi ynskjer ein stabil og trygg leiar som kan samarbeide mot felles mål, vere løysingsorientert og som trivast i ein kompleks og travel skule- og SFO-kvardag. Vi tilbyr ein spanande og viktig jobb i eit hyggeleg, kompetent og engasjert kollegium. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med mykje humor og varme. Du får ta del i eit introduksjonsprogram for nytilsette og vi har gunstige pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.
Vår nye avdelingsleiar skal ha hovudfokus på SFO. Du vert del av eit leiarteam med rektor som øvste administrative leiar.
Dingemoen skule er ein ny skule med klassar frå 1. til 10. steg. Vi har ca. 265 elevar og ei personalgruppe på ca. 55. SFO er ei eiga avdeling ved skulen, og her går ca. 65 av borna frå 1. til 4. klassesteg. Vi tilstrebar eit tett samarbeid mellom alle på skulen og i SFO, og kan tilby eit godt psykososialt arbeidsmiljø med positive og inkluderande kollegar.
Høyrest dette interessant, utfordrande og ikkje minst spanande ut? Ta gjerne kontakt for meir informasjon
Vår visjon er Likskap – Kunnskap – Venskap;
- Dingemoen skule er ein skule for alle.
- Dingemoen skule er arena for fag og kunnskap.
- Dingemoen skule er arena for venskap.
- Bidra til å skape eit positivt leike- og læringsmiljø
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid
- Ansvar for å tileigne seg og nytte ny kunnskap
- Leie og ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i SFO.
- Gjennomføring og vidareutvikling av satsingsområde i tråd med rammeplan for SFO.
- Personalansvar, her under ansvar for opplæring, rettleiing og oppfølging av medarbeidarar i SFO
- Administrative oppgåver som timeplanlegging, vikarhandtering, fakturering og liknande.
- Stillinga krev stor grad av stabilitet
- Barnehagelærar, eller fagarbeidarutdanning
- Relevant erfaring
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Beherske norsk, munnleg og skriftleg
- Du er ein stabil, tydeleg og engasjert leiar som skapar gode relasjonar med born, føresette og tilsette.
- Du har godt humør, er fleksibel, løysingsorientert og strukturert
- Du jobbar sjølvstendig, men er òg ein lagspelar
- Du har evna til å inspirere, motivere og engasjere medarbeidarane dine.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Trivast i fysisk aktivitet saman med born, inne som ute
- Vi vektlegg at ein er personleg egna for stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
25.08.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5839735Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 09.08.2024