• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    03.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4961289
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 18.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Avdelingsleiar PPT

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig fast, 100 % stilling som avdelingsleiar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Giske kommune frå 01.04.2023.

PPT i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med helsestasjon og jordmortenesta, barnevern, legetenesta, psykisk helseteam for barn og unge, kommunepsykolog, logopedteneste, fysio- og ergoteneste og tildelingskontoret. Alle avdelingane har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats. Vi har kontor på rådhuset på Valderøya med gratis parkering om lag 10 min med bil frå Ålesund.

PPT er for tida med i eit spennande utviklingsarbeid knytt til betre inkluderande praksis i skule og barnehage. Som ledd i dette arbeidet er det oppretta inkluderingsteam på alle skular og barnehagar. PPT har faste dagar ute i skulane og samarbeider tett med inkluderingsteamet både på system- og individnivå. Som avdelingsleiar vil du få vere med i kommunen si styringsgruppe og ha stor innflytelse i prosessen vidare.

Avdelingsleiar er leiar av PPT- tenesta med einingsleiar som næraste overordna og vil gå inn i einingsleiar sitt leiarteam. Stillinga har fag-, personal- og budsjettansvar i samarbeid med einingsleiar. Stillinga  inneber leiaransvar for  3 tilsette, kontoret har 4 stillingar, inkl. avdelingsleiar. Stillinga inneber også saksarbeid inn mot barnehage og skular. 

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

I tillegg for formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stilinga vektlagt.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknade.

Kvalifikasjoner:

  • Universitet/høgskuleutdanning, mastergrad eller hovudfag innan psykologi, pedagogikk eller spesialpedagogikk
  • Utgreiing- og testkompetanse
  • Erfaring frå leiing
  • Rettleiingskompetanse
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstilling
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta

Personlige egenskaper:

  • Engasjert og utviklingsorientert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Medverke til godt samarbeid og støttande kultur både i eiga avdeling og i eininga

Vi tilbyr:

  • Konkuransdyktig løn
  • Godt arbeidsmiljø
  • Du får ta del i utviklingsarbeid
  • Spanande og varierte oppgåver
  • Godt samarbeidsmiljø mellom skuleane og barnehagane
  • Flexitidsordning
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    03.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4961289
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 18.01.2023