Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
03.02.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4961289Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 18.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Avdelingsleiar PPT
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig fast, 100 % stilling som avdelingsleiar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Giske kommune frå 01.04.2023.
PPT i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med helsestasjon og jordmortenesta, barnevern, legetenesta, psykisk helseteam for barn og unge, kommunepsykolog, logopedteneste, fysio- og ergoteneste og tildelingskontoret. Alle avdelingane har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats. Vi har kontor på rådhuset på Valderøya med gratis parkering om lag 10 min med bil frå Ålesund.
PPT er for tida med i eit spennande utviklingsarbeid knytt til betre inkluderande praksis i skule og barnehage. Som ledd i dette arbeidet er det oppretta inkluderingsteam på alle skular og barnehagar. PPT har faste dagar ute i skulane og samarbeider tett med inkluderingsteamet både på system- og individnivå. Som avdelingsleiar vil du få vere med i kommunen si styringsgruppe og ha stor innflytelse i prosessen vidare.
Avdelingsleiar er leiar av PPT- tenesta med einingsleiar som næraste overordna og vil gå inn i einingsleiar sitt leiarteam. Stillinga har fag-, personal- og budsjettansvar i samarbeid med einingsleiar. Stillinga inneber leiaransvar for 3 tilsette, kontoret har 4 stillingar, inkl. avdelingsleiar. Stillinga inneber også saksarbeid inn mot barnehage og skular.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
I tillegg for formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stilinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknade.
Kvalifikasjoner:
- Universitet/høgskuleutdanning, mastergrad eller hovudfag innan psykologi, pedagogikk eller spesialpedagogikk
- Utgreiing- og testkompetanse
- Erfaring frå leiing
- Rettleiingskompetanse
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstilling
- Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlige egenskaper:
- Engasjert og utviklingsorientert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Medverke til godt samarbeid og støttande kultur både i eiga avdeling og i eininga
Vi tilbyr:
- Konkuransdyktig løn
- Godt arbeidsmiljø
- Du får ta del i utviklingsarbeid
- Spanande og varierte oppgåver
- Godt samarbeidsmiljø mellom skuleane og barnehagane
- Flexitidsordning
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
03.02.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4961289Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 18.01.2023