Company
Giske KommuneApplication deadline
23.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6709713Look here for other jobs from Giske Kommune
Giske Kommune
Avdelingsleiar for 5.–7. trinn ved Valderøy barneskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bur det ein leiar i deg?
- Er du motivert for å vidareutvikle læringsmiljøet på mellomtrinnet med fokus på fagleg, og sosial inkludering?
- Vil du bidra til å utvikle profesjonsfellesskapet slik at elevane opplever meistring, lærelyst og tilhøyrsle?
- Brenn du for god pedagogisk praksis, tydelege forventningar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø?
Då kan Valderøy barneskule vere rett skule for deg!
Valderøy barneskule har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for 5.–7. trinn. Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe, saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane. Leiargruppa har i lag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling. Stillinga inneber både leiing og undervisning. Du vil ha eit særleg ansvar for 5.–7. trinn, med personaloppfølging, pedagogisk utviklingsarbeid og administrative oppgåver. Du vil også vere ein viktig del av skulen sitt samla utviklingsarbeid. Vi ønskjer ein leiar som er tett på praksis og som ønskjer å vere ein aktiv del av kvardagen til både elevar og tilsette.
Valderøy barneskule
Valderøy barneskule er ein 1–7 skule med fire avdelingar fordelt på 1.-2. trinn, 3.-4. trinn, 5.-7.trinn og Basen som er ei forsterka avdeling. Skulen ligg nært skog, fjell og fjøre som gir god mulighet til ein utvida læringsarena. Skulen sin visjon er «Med hjarte for læring». Visjonen skal synleggjere vårt lærings- og menneskesyn. Vi har fokus på læring i eit vidt perspektiv som skal romme alle elevane våre. Oppvekstsektoren i Giske kommune har visjonen «Det var bra eg kom», med fokus på eleven si erfaring i møtet med barnehage og skule. Vi ønskjer å utvikle ein skule der alle elevar får høve til å oppleve meistring, utvikle seg og vere ein del av fellesskapet.
Kvalifikasjoner:
- har godkjend lærarutdanning
- har relevant erfaring frå grunnskulen
- gjerne leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing
- har interesse for pedagogisk utviklingsarbeid
- har god relasjonskompetanse
- er tydeleg, trygg og tillitsskapande
- kan stå i utfordrande situasjonar og ta nødvendige avgjerder
- er løysingsorientert, fleksibel og strukturert
- har gode samarbeidsevner
- har god digital kompetanse
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og at du er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden og ved tilsetting må gyldig politiattest leggast fram.
Personlige egenskaper:
- Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring.
- Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse.
- Evne til å arbeide ryddig og strukturert.
- Fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr:
- ein spennande og variert leiarjobb i ein stor barneskule
- eit kompetent og engasjert kollegium
- eit godt samarbeid i leiargruppa
- høve til å påverke og utvikle skulen vidare
- eit arbeidsmiljø med fokus på læring, meistring og inkludering
- fagleg utvikling og rettleiing
- løn etter avtale og gjeldande avtaleverk
Velkomen til oss!
Company
Giske KommuneApplication deadline
23.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6709713Look here for other jobs from Giske Kommune
-
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES -
Avdelingsleiar
Hå kommune
VARHAUG -
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar
Innlandet fylkeskommune
HAMAR -
Avdelingsleiar 100% fast stilling
Øygarden kommune
Kolltveit -
Fagarbeidar i skule og SFO i 70 % fast stilling ved Flekke skule
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD