Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4653834Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 01.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Avdelingsleiar beredskap
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5000km2 og knapt 20 000 innbyggarar. Vi har 5 brannstasjonar, 1 bistasjon og 2 depot og tilsaman 100 tilsette på deltid og heiltid.
Mai 2011 tok me over alle oppgåver med heimel i brannlova, som t.d. søknader om oppskyting/sal av fyrverkeri og oppbevaring av brannfarleg gass/væske, tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing og bustadtilsyn, samt beredskap i forbindelse med brann og andre ulykker. Frå juni 2012 fekk vi og ansvar for byggjetilsyn i dei 3 eigarkommunane.
Vår avdelingsleiar beredskap skal i løpet av året gå av med pensjon og vi søkjer no hans etterfølgjar.
Eit brannNorge i endring krev nye kvalifikasjonar og vilje til utvikling av seg sjølv og sine medarbeidarar. Rette kandidaten har evne og vilje til å sjå og nytte trendar og utviklingstrekk i samfunnet for å forbetre og utvikle tenesta.
Stillinga inngår i selskapet si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Resultat, budsjett og personalansvar
- Sikre effektiv utnytting av avdelinga sine ressursar
- Strategi,- mål- og resultatstyring
- Leiing og koordinering av avdelingas daglege arbeid, bemanningsplanlegging og ressursstyring.
- Rapporterer direkte til brann- og redningssjefen
- Rettleie og motivere dei tilsette, utvikle beredskap og innsatsevne
- Utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av fag og avdelingar og opp mot kommunar og andre naturlege samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Relevant høgskuleutdanning på minimum bachelor nivå
- Leiarutdanning og HR/leiarerfaring (minimum 5års leiarerfaring)
- Erfaring frå samfunnstryggleiks arbeid
- Erfaring frå arbeid med risikovurdering og analyse
- Erfaring med planlegging og styringsverktøy
- Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
- Det finns forskriftsmessige krav til kompetanse. Jf brann- og redningsvesen forskrifta
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Søkar må kunne sikkerheitsklarerast «Hemmeleg/Nato Secret» og politiattest må leverast før tilsetting.
Vi ønskjer at du har:
- erfaring frå offentleg forvaltning
- Kjennskap til lov- og forskriftskrav for fagområdet
- Kompetanse om lovverk og spelereglar i arbeidslivet
- Relevant leiarerfaring innan operative einingar som brannvesen, forsvar, politi eller andre beredskapsaktørar
- Sertifikat K160 utrykkingskøyring
- Utdanning innan økonomi
Forventningar til deg som leiar
- Proaktiv
- Tydeleg
- Ny-tenkjande og utviklingsorientert
- God relasjonsbygger, vi legg vekt på personlege eigenskapar
- Du må vere robust og i stand til å takle endring og travle dagar
- Initiativrik, motiverande og handlekraftig
- Strukturert og målbevisst og dyktig til å kommunisere internt og eksternt
- Du er trygg med å halde føredrag og presentasjonar
- Høg motivasjon for stillinga. Og om du ikkje er kvalifisert ved tilsetting, kvalifiserer deg for å inngå i vaktordning (overordna vakt), jf krav i brann- og redningsvesenforskrifta. Det er ei forventning at avdelingsleiarar vert ein del av overordna vakt beredskapen.
- Vi ønsker å knytte til oss personar som kan vere med å påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin faglege og personlege kompetanse, derfor er personleg eignaheit viktig for oss.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Meiningsfull og samfunnsnyttig jobb
- Fagmiljø med motiverte medarbeidarar
- Utfordrande leiaroppgåver og store moglegheiter for å utvikle det beredskapsfaglege arbeidet.
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksitid
- Løn etter avtale
- Kommunal pensjonsordning (KLP)
Annet
- Den som vert tilsett må forplikte seg til å ta nødvendige kurs ved Norges brannskole. SBRIKS dekkjer kostnadene.
- Før tilsetting må politiattest visast fram og sikkerheitsklarering vere avklara
- Kvinner vert oppmoda til å søkje
Om arbeidsgivaren
Sogn brann og redning søker motiverte medarbeidarar som er engasjerte. kompetente, opne og pålitelege. Selskapet er framleis ungt og tenesta er i utvikling med omsyn til kvalitet, arbeidsmiljø og mangfold blant dei tilsette.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4653834Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 01.07.2022