• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    03.02.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6505123
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
Ledig stilling

Rauma kommune

Avdelingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
100% stilling som avdelingsleiar. Midlertidig stilling ut skoleåret, med moglegheit for fast ansettelse. Arbeidstid: Dagtid.

Arbeidsplassen
Åfarnes skole er ein 1-10 skole, med 114 elevar. Åfarnes skole har kort avstand til fjord og fjell, og har eit flott uteareal med ballbinge og ny klatrepark. Friidrettsbane, fotballbane og gapahuk ligg rett ved skolen, og legg fint til rette for læring ute. Skolen har nynorsk som hovudmål. Skolen sin visjon er å skape «Trivsel og læring for alle». Vi er ein skole i utvikling med fokus på læringsmiljø og læringsutbytte. Lesing, bruk av digitale verktøy og læring i friluft er viktige utviklingsområde for skolen.

Arbeidsoppgåver

Stillinga som avdelingsleiar inngår i skolen si leiargruppe, saman med rektor. 

Som avdelingsleiar:

  • Bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skolemiljø gjennom systematisk og målretta arbeid.
  • Følger du opp undervisninga og elevane si læring og utvikling.
  • Legg du til rette for eit pedagogisk utviklingsarbeid og deltek i eit lærande profesjonsfellesskap på skolen.
  • Tek du ansvar for dagleg drift, mellom anna ressurs,- og timeplanlegging, samt vikarordning.
  • Er du fleksibel og aktiv i skolen si leiargruppe og bidreg i systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid.
  • Tek du vare på eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Tek du ansvar for ulike administrative oppgåver.

Det vil ligge cirka 50% undervisning til stillinga.

Kvalifikasjonkrav

  • Formell undervisningskompetanse
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. 
  • God digital kompetanse/ferdigheiter.

Ønske om

  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning.
  • God læreplanforståing og engasjement for å jobbe med skoleutvikling, gjennom å leie og å delta i profesjonelle læringsfellesskap.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein utviklingsorientert avdelingsleiar med ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medvirkning og dialog.

  • Du har eit grunnleggande positivt elev- og læringssyn og god relasjonskompetanse.
  • Du blir motivert av å yte gode tenester.
  • Du kan jobbe systematisk.
  • Du har evne til å involvere og samarbeide med elevar, tilsette, føresette og relevante samarbeidspartnarar.
  • Du er fleksibel og har høg arbeidskapasitet.

 Vi tilbyr

  • Engasjerte kollegaer med god kompetanse
  • Ein meiningsfull, utfordrande og interessant leiarstilling med utviklingsmoglegheiter
  • Eit godt arbeidsmiljø basert på medverking, engasjement, profesjonalitet og humor
  • Moglegheita til å bli prioritert til skoleleiarutdanning gjennom den statlege ordninga Kompetanse for kvalitet

Bor du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les mer om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing:Les Søkerveiledning - Rauma kommune eller epost til personal@rauma.kommune.no dersom du opplever tekniske utfordringar. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

Vi ønskjer ikkje kontakt med selgarar.

 

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    03.02.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6505123
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune