Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
30.10.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5405822Se här för andra jobb från Hå kommune
- Uppdaterad 17.10.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Hå kommune
Avdelingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
På Vigrestad storskule blir det ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar på ungdomstrinnet frå 1.1.2024. Stillinga består av pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, administrasjon og ca. 40 % undervisning.
Me jobbar med å utvikla eit endå tryggare skulemiljø og med å tilpassa og variera undervisninga. Som tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.
Vigrestad storskule er ein 5.-10. trinn skule. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa. Det er omlag 275 elevar og 50 tilsette ved skulen, der 130 av elevane og 20 av dei tilsette er på ungdomstrinnet.
Som leiar får du mykje ansvar, stor påverknad på kva skule storskulen skal vera, mange spanande arbeidsoppgåver, personleg vekst, noko mas og masse humor.
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss at du som leiar har:
- relevant leiarutdanning, for eksempel rektorskulen, eller ønskjer om å ta rektorskulen
- godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
- gode IKT-kunnskapar
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver er blant anna
- dagleg drift med personal og elevar, for eksempel timeplanar, arbeidstider, vikarar og liknande.
- personaloppfølging
- organisasjonsutvikling
- undervisning
- koordinering og samhandling med PPT, føresette og eventuelle andre instansar
Personlege eigeskapar
- trygg og tydeleg som leiar
- relasjonsbyggar som skaper gode forhold for samarbeid
-evne til å jobba under press
- evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
Personlege eigeskapar vil bli vektlagt.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
30.10.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5405822Se här för andra jobb från Hå kommune
- Uppdaterad 17.10.2023