Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
01.11.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5394026Se här för andra jobb från Hå kommune
- Uppdaterad 12.10.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Hå kommune
Avdelingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
ATO ved Bø skule har ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 1.1.2024. Stillinga består av pedagogisk leiing, administrasjon og undervisning ved behov.
ATO står for alternativ tilpassa opplæring og er ei spesialpedagogisk avdeling for Hå kommune. Avdelinga er ein del av Bø skule, og elevar frå heile kommunen har skuletilbodet sitt her. Elevane har spesialundervisning i heile opplæringa. Elevar kan gå på ATO frå første til tiande trinn. I år har me 14 elevar frå 1. – 10. trinn, og 25 tilsette.
På Bø skule vil du vere ein del av leiargruppa på skulen, som består av tre avdelingsleiarar i ordinær skule og rektor. «Me dreg lasset i lag», med trivsel, meistring og kunnskap. Me speler på lag og gjer kvarandre gode. Her er eit stort mangfald med mange dyktige og hyggelege kollegaer, god trivsel, humor og et godt profesjonsfellesskap.
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss at du som leiar har
- relevant leiarutdanning, for eksempel rektorskulen, eller ønskjer om å ta dette
- godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen, ønskjeleg med kompetanse i spesialundervisning
- gode IKT-kunnskapar
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver er blant anna
- dagleg drift med personal og elevar, for eksempel timeplanar, arbeidstider, vikarar og liknande.
- personaloppfølging
- organisasjonsutvikling
- undervisning
- koordinering og samhandling med PPT, føresette og eventuelle andre instansar
Personlege eigeskapar
- trygg, pragmatisk og tydeleg som leiar
- relasjonsbyggjar som skaper gode forhold for samarbeid
- evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- erfaring med opplæring og tilrettelegging for elevar med psykisk utviklingshemming
Personlege eigeskapar vil verte vektlagt.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
01.11.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5394026Se här för andra jobb från Hå kommune
- Uppdaterad 12.10.2023