Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
28.05.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5189403Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 12.05.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Avdelingsleiar 5-7 på Dingemoen skule, 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Då noverande avdelingsleiar 5-7 kl. går over i annan leiarstilling i kommunen søkjer vi etter ein avdelingsleiar 5-7 kl. i 100 % fast stilling frå 1. august 2023.
I denne rolla vert du ein viktig bidragsytar i utforminga av skulekvardagen for elevar og tilsette og du vil være ein del av eit leiarteam med rektor og avdelingsleiarar. I utgangspunktet er det lagt opp til ein liten del undervisning i stillinga, men ansvarsfordelinga mellom leiarane vil vere avgjerande for det.
Vi ønskjer oss ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, gjerne med kjennskap til pedagogisk utviklingsarbeid. Som avdelingsleiar vert du ein sentral person i den praktiske drifta av skulen. I tillegg til å vere viktig for elevane si læring og utvikling, vil du få eit ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet
Nye Dingemoen 1-10-skule stod ferdig hausten 2021, og vi har fått ein flott skule med topp arbeidstilhøve for tilsette, ein skule med gode spesialrom og eit stort og flott uteområde for elevane.
Høyrest dette interessant, utfordrande og ikkje minst spanande ut? Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar med personalansvar for avdeling 5-7
- Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for elevane si utvikling og læring
- Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og kommunen sine satsingsområde til beste for elevane si faglege og sosiale utvikling
- Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid
- Erfaring i frå mellomsteget er ein fordel
- Leiarutdanning. Kan og gjennomførast seinare
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Vi legg vekt på at ein er personleg eigna for stillinga
- Tydeleg
- Framtidsretta og utviklingsorientert
- Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ein spanande og viktig jobb
- Eit hyggeleg og engasjert kollegium
- Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
28.05.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5189403Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 12.05.2023