• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    12.06.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4637318
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 10.06.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Avdelingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kvåle skule er ein 6-10 skule med 3 parallellar på kvart trinn og omlag 375 elevar fordelt på 15 klassar. Det er ca 50 tilsette ved skulen. Skulebygga er ei blanding av nye og gamle bygg, med eit flott og variert uteareal. Skulen ligg sentralt i Sogndal. Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; arbeidet med fagfornyinga, klasseleiing, vurdering for læring, stort fokus på IKT og digitale læremiddel, internasjonalt samarbeid og fysisk aktivitet. Skulen er teambasert og i visjonen vår peikar me på verdien av trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede.

 

Stillingsinformasjon

Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2022.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er ein del av skulen sitt leiarteam. Oppgåvene for avdelingsleiar vil vere fordelt frå 6.-10.trinn. Til stillinga ligg m.a følgjande arbeidsoppgåver :

  • Hovudansvar innanfor det digitale arbeidet ved skulen, oppfylging av tenester både mot tilsette og elevar.
  • Koordinering og oppfølging av tiltak knytt til elevar med behov for tiltak innan spes.ped./sos.ped.
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Oppfylging av personalet, inkludert vikararbeid
  • Daglege gjeremål

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning og med erfaring frå skuleslaget, helst med tilleggsutdanning innan leiing og IKT.

 

Personlege eigenskapar: 

  • Me ynskjer ein avdelingsleiar som har evne og vilje til leiing, er analytisk, ryddig og strukturert.
  • Må  kunne arbeide sjølvstendig, kommunisere godt og skape tillit.
  • Vere ein pådrivar med positivt syn på skulen og eleven, og må ha solid kjennskap til og erfaring i bruk av IKT.

 

Personlege eigenskapar som vert lagt vekt på ved tilsetjing er t.d. : ha evne til kommunikasjon, vere god på det relasjonelle, vere ein god motivator, ha evne til refleksjon, ha høg arbeidskapasitet og ha evne til å lytte og skape/leggje til rette for samhandling.

 

Me tilbyr: 

  • Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk.
  • Gode pensjons - og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar. 
  • Ein god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    12.06.2022
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4637318
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 10.06.2022