• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    10.04.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5086494
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 22.03.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast, Ulveset skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Avdelingsleiar 100% fast – Ulveset skule

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Ledig stilling frå 1.8.2023

 

Om avdelinga:

Ulveset skule er ein barneskule med 230 elevar og 35 tilsette. Våre satsingsområde er lesing og trygt og godt læringsmiljø.  

Ulveset skule ligg vest på Sotra, ca 30 minutt køyring til Bergen sentrum.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Avdelingsleiar vil vere ein del av skulen sitt leiarteam, og ha eit særleg ansvar for 1.-4. trinn
  • Leiing av skulen sitt utviklingsarbeidet saman med resten av skulens leiing
  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift, og oppfølging knytt til spesialpedagogisk og sosialpedagogisk arbeid på skulen
  • Avdelingsleiar vil ha eit særleg koordineringsansvar knytt til elevar som skal ha særskilt språkopplæring
  • Samarbeid med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnare
  • Stillinga er tillagt 50% undervisning
  • Det kan verte aktuelt med rettleiing av nytilsette
  • Vikararbeid

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen for 1.-4.trinn
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen
  • Vilje til å ta vidareutdanning i skuleleiing
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver som må løysast her og no samstundes som du klarar å vere strukturert og halde i langsiktige oppgåver som er våre felles prioriteringar
  • Evne til å handtere travle dagar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Skuleleiarutdanning
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Erfaring i rettleiing av nytilsette

 

Personlege eigenskapar:

  • Har fagleg tyngde, viser omsorg, er open og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
  • Er ein god relasjonsbyggar
  • Er ein kreativ og inspirerande leiar
  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
  • God på organisering og systemarbeid
  • Er strukturert, ansvarbevisst og sjølvstendig
  • Har høg arbeidskapasitet
  • Høg personleg og profesjonell integritet
  • Tar vare på og vidareutvikler det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • Har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
  • Er lojal mot skulen sine verdiar og mål
  • Personleg eigenskap vil vere avgjerande

 

Vi tilbyr:

  • Ei spanande mellomleiarstilling i ein skule med godt arbeidsmiljø, høg trivsel og eit personale som vil kvarandre vel
  • Gratis kaffe på jobb
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Cecilie Mikkelsen Dahl, rektor Ulveset skule, telefon: 48296987, epost: cecilie.dahl@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    10.04.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5086494
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 22.03.2023